Viser innlegg med etiketten Tenkeverktøy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tenkeverktøy. Vis alle innlegg

tirsdag 28. april 2009

Bridge Construction Set

Dette spelet prøvde vi på andre samling i DKL102. Eg har ingen problem med å sjå for meg at elevane kan ha nytte av dette, men samtidig ser eg at alle nok ikkje vil ha like stort utbyte av å spele dette spelet. Det finst iallfall to måtar å spele spelet på: Tilfeldig prøving og feiling, og systematisk utprøving av logiske hypotesar.

Dei som spelar etter den siste metoden vil etter mi meining sitje att med ganske mykje lærdom. Dei ser blant anna korleis trekantane støttar opp konstruksjonen, og dei kan lære balansen mellom det å nytte det billegaste materialet, og å bruke eit materiale som er litt dyrare, men kanskje vil halde mykje lenger.

I Level 3 fann eg ut at dersom eg nytta stål i staden for jern i bjelkane på toppen, ville brua bli litt dyrare. Eg valde å gjere dette likevel, sidan presset på bjelkane då vart mindre (trykk 'Stress' i simulation-modus - grøne bjelkar er positivt), og kanskje ville då brua vare lenger... Slik såg det ut til slutt:


Og slik fungerte testen:


tirsdag 21. april 2009

Andre samling DKL102

Denne samlinga hadde temaet Digital Arena. I grove trekk handla vel torsdagen og første del av fredagen om Google Earth og geotagging av bilete, medan fredag ettermiddag var sett av til pedagogisk programvare, Google Sketchup og dataspel i læringsarbeid.

Torsdag fekk vi ei gruppeoppgåve der vi skulle lage eit undervisningsopplegg der elevane skulle bruke Google Earth. Vi skulle så gjere oppgåva og presentere resultata. Vi tok utgangspunkt i eit opplegg der elevane skulle ta bilete frå heimstaden sin, og plassere dei geografisk på eit kart. Dette skulle så lastast opp i Google Earth, der klassen så kunne lage ei slags reise frå plass til plass. Takka vere at Google Earth ikkje fungerte slik det skulle, fekk vi aldri gjort ferdig heile opplegget. Men idéane vi hadde vart presenterte for resten av studentane, med dette bakgrunnsmaterialet.

Eg lærte mykje om Google Earth på denne samlinga, og fekk sjå at det finst eit stort potensiale i dette programmet for bruk i skulen, også utover det som har direkte med kart og geografi å gjere.

Google Sketchup vart eit anna nytt bekjentskap på denne samlinga. Dette er eit enkelt og brukarvennlig 3D-teikneprogram, som dei fleste kan lære seg å bruke. Her fekk vi, etter ei kort opplæring, i oppgåve å teikne vårt eige hus, for deretter å laste det opp til Google Earth. Sjølve teikninga gjekk forsåvidt greitt, men feilen i Google Earth dukka opp på nytt slik at det vart vanskeleg å laste opp teikninga dit.

Heilt til slutt på samlinga skulle vi prøve oss på eit spel der ein skulle bygge vegbruer så kostnadseffektivt som mogleg. Bridge Construction Set var artig nok det, og etterkvart som eg forsto korleis det fungerte, greidde bilane jammen å krysse bruene også!:) Ser absolutt korleis dette kan nyttast i til dømes matematikk!

Filene eg produserte gjennom øktene med geotagging og 3D-teikning, ligg i dette filarkivet.

Ei lærerik og artig samling dette! Alltid kjekt når vi får prøve oss på noko praktisk som vi kan ta med oss vidare ut i skulen.

torsdag 5. februar 2009

Første samling DKL102

Første samling på DKL102 gjekk av stabelen 15. og 16. januar. Tema for samlinga var Sosial Web og Elektroniske Tankekart.

Heimelekse før samlinga var at vi skulle vere medlem av minst tre nettsamfunn. Dette var ei smal sak, sidan eg allereie har testa ut ein del slike, og er aktiv medlem av både Facebook, MSN og Picasa. På samlinga vart det vidare diskusjon rundt slike nettsamfunn, og gruppa vår laga eit felles tankekart om temaet, med vekt på faktorar som samarbeid, deling og dialog/respons. Meir om tankekartet i arbeidsmappa mi.

Gruppearbeidet kombinerte refleksjonen rundt sosial programvare med utprøving og bevisstgjering rundt bruk av elektroniske tankekart. Kjell brukte mykje av samlinga til å uttrykke sin kjærleik til digitale tankekart, og eg trur jammen at propagandaen er i ferd med å funke. Eg ser heilt klart store fordelar med å arbeide på denne måten, og spesielt dersom Mindomo klarer å rette opp funksjonen som tillet fleire brukarar å arbeide i eit tankekart samtidig. Dette fungerer ikkje per i dag, og gruppa måtte difor utnemne ein sekretær (tilfeldigvis den første som logga inn på dokumentet) som kunne skrive ned tankane til gruppa. Arbeidet vart soleis ikkje så effektivt som det kunne ha blitt, og forhåpentlegvis vil bli, gjennom dette verktøyet.

Etter denne samlinga føler eg at eg har gjort meg fleire erfaringar som eg kan få nytte av når eg skal ut i skulen, både når det gjeld eventuell bruk av sosial programvare i skulesamanheng og nytteverdien av elektroniske tankekart. Program for skaping av elektroniske tankekart, som Mindomo og Freemind, kjem eg til å gjere meg nytte av også i mitt eige studie.