Viser innlegg med etiketten Mappeoppgåver. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mappeoppgåver. Vis alle innlegg

fredag 24. april 2009

Arbeid med M3

Utgangspunktet for denne oppgåva, var å lage eit informasjonsnav som skulle vere med på å auke elevane sin informasjonskompetane.

Slik eg forstod det, skulle det nemnde informasjonsnavet gjere slik at elevane skulle sleppe å søkje etter informasjon på Google, og på den måten finne relevant og påliteleg informasjon meir effektivt. På denne måten skulle elevane lære seg betre søkjestrategiar, og informasjonen skulle kome til dei via RSS-feeds. Eit paradoks er det då at eg som lærar måtte bruke nettopp Google for å finne dei aktuelle RSS-kjeldene, slik at det heile då uansett er basert på Googlesøk... Og kven veit om eg er god nok på kjeldekritikk?

Spørsmåla eg sit att med etter å ha levert inn denne oppgåva, er mange. Har eg i det heile svara på oppgåva? Er informasjonsnavet mitt verkeleg eit informasjonsnav slik det er tenkt i denne samanhengen? Vil elevane oppnå auka informasjonskompetanse ved å sleppe å leite etter informasjonskjelder sjølve, eller gjer vi dei eigentleg ei stor bjørneteneste? Eg er i det heile tatt svært spent på tilbakemeldinga til denne oppgåva...

Eg kan i alle høve legge ut eit skjermkutt av navet mitt, slik det ser ut til denne oppgåva:

Tala er forklarde i oppgåva, og sidan dette berre er ein illustrasjon, tek eg ikkje med dette her.

Arbeid med M2

Dette var den einaste gruppeoppgåva i DKL102, noko som kanskje var greitt, sidan det aldri kan bli lett å få til eit gruppearbeid med så mange som 6 medlemmer på gruppa. No seier ikkje eg at vi hadde særlege problem med dette, men dess fleire ein er på gruppa, dess mindre får kvart medlem bidra med og ikkje minst gjennomslag for. Ein gruppestørrelse på 3-4 hadde vore meir passeleg, men kanskje hadde vi då fått oppleve dei same forseinkingane vi fekk i haust med tanke på respons på oppgåvene...?

Gruppa møttest fleire gonger på "gamlemåten", både på Berte Kanutte og på Samfunnshuset, og på den måten greidde vi å sikre framdrifta i arbeidet. Skrivinga gjekk føre seg over Google Dokumenter, noko som fungerte greitt. Vi hadde til ei viss grad fordelt arbeidet mellom oss, og det var sjeldant at to var inne og skreiv samtidig. Dermed unngjekk vi kjende konflikter som kan oppstå, med lagring av dokumentet og anna smårusk.

Ein føresetnad for å levere inn ei god oppgåve der 6 ulike individ har bidrege med skrivinga, er at ein eller to tek på seg ansvaret for å gå over oppgåva til slutt, for å sikre eit så heilskapeleg produkt som mogleg. Dette gjorde vi, og Ingunn og meg sjølv gjekk over oppgåva til slutt med tanke på språk og kildetilvisingar.

Samarbeidet med oppgåva må ha fungert godt, iallfall dersom ein skal dømme etter tilbakemeldingane. Det var alt i alt ein interessant og lærerik prosess, der vi fekk tenkt nøye gjennom bruken av samansette tekstar i skulen.