Viser innlegg med etiketten DKL104. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DKL104. Vis alle innlegg

onsdag 29. april 2009

Kommentar til artikkel

Mot mediedysleksiens tidsalder? av Soilikki Vettenranta

De unge, som må skape sin identitet i krysspresset mellom den stadig endrede mediekulturen og den galopperende nye medieteknologien, trenger mer enn verktøy. De trenger tid til refleksjon, stabilitet og mulighet til å lære empati og ansvar. (Vettenranta, 2007 s.13)

Med dette sitatet peikar Vettenranta på ein vesentleg ting som er svært viktig å hugse på med den teknologiske utviklinga vi har i dag. Med digitale verktøy inn i alle fag er det lett å tenkje at det vil vere om å gjere å introdusere elevane for så mange verktøy som mogleg. Elevane vil kunne jobbe meir effektivt med dei nye verktøya, men vil det seie at også læringa blir meir effektiv?

I den mediegale kvardagen vi lever i, med informasjon som strøymer mot oss frå alle kantar, er det viktig både for born og vaksne at vi tek oss tid til å puste litt, og at vi ikkje gløymer den mellommenneskelege kontakten. Eg merkar godt på meg sjølv at eg ikkje heilt skjønar alvoret i dei katastrofemeldingane eg ser på TV. Det har etter kvart blitt så mange av dei, og ingen har råka meg direkte, og difor tenkjer eg ikkje så mykje over det lenger. Det er med andre ord ikkje gjennom media eg har lært meg empati og ansvar, men gjennom god, gammaldags samhandling med andre menneske.

Med dette sagt, så meiner eg også heilt klart at vi har godt av den informasjonsstraumen som kjem inn over oss. Vi treng å få vite korleis folk i andre delar av verda har det, og vi har godt av å sjå vår eigen situasjon i lys av korleis andre har det. Vi greier ikkje å bli empatiske, ansvarlege menneske dersom vi ikkje veit noko om det som skjer utanfor vår eigen stovevegg.

Korleis har så DKL-studiet vore i høve til det innleiande sitatet? Vi har iallfall merka galoppen. Og vi har merka at utviklinga går i ei rivande fart. Tid til å stoppe opp og tenkje har det ikkje alltid blitt så mykje av, men så har vi også gjort mykje godt arbeid, og lært utruleg mykje på vegen.

mandag 27. april 2009

Hensyn

Dette emnet hadde vi også ein gjennomgang av i DKL101, men sidan dette studiet skal handle mykje om publisering av medieproduksjonar, var det veldig greitt med ein repetisjon.

Det er mykje ein må ta hensyn til når ein skal publisere både bilete, lyd, video og anna materiale, og svært mange bryt lova kvar einaste dag utan å vite om det. To ting som kan vere greitt å skaffe seg oversikt over med ein gong, er:
  1. Kven har opphavsretten til materialet?
  2. Kven er med på produksjonen?
Har ein desse tinga på plass, kan arbeidet starte med å skaffe seg dei rettigheitene som skal til for å ha lov til å publisere materialet. Kanskje litt i overkant å kalle eit bilete for ein produksjon, men likevel. Vil ein publisere eit slikt, må ein skaffe seg løyve både frå personen som har tatt biletet, og personane (evt. føresette under 15 år) som er med på biletet. Publisering av musikk og video kan fort bli eit meir krevjande arbeid. Her er det fort mange fleire personar som er involverte, alle med opphavsretten til sin del av produksjonen. Å skaffe seg rettigheitene til publisering av slike produksjonar, kan fort bli eit kostbart og tidkrevjande arbeid.

Hensyn til opphavsrett er eit vanskeleg fagfelt, og både i skulen og elles i samfunnet har det blitt synda mykje mot dette. Eg er blant anna ikkje sikker på om eg hadde mitt på det reine då eg la ut følgjande klipp på youtube.

Design

Designemnet har eg ikkje lagt så voldsomt mykje arbeid i, men eg har i det minste brukt same headeren i nettavis, blogg og arbeidsmappe. Motivet i headeren er min kjære mops, Oliver, og dette gir desse sidene eit personleg preg. Han er prikk lik far sin, for å seie det slik..:-)

Fargane på blogg og nettstad har eg prøvd å tilpasse headeren. Om eg har klart det, kan sikkert diskuterast, og det som iallfall er sikkert, er at eg har valgt fargar som høver dårleg for svaksynte. Mitt utgangspunkt er at dei som skal sjå på sidene mine har eit rimeleg godt syn..;-) Samtidig finst det heilt sikkert også finare fargar enn spygrønt og lysebrunt, eit hensyn eg også har valgt å sjå vekk frå.

Elles trur eg at val av skrifttype og -størrelse skal vere greitt, og særleg på nettstaden har eg valt å forstørre skrifta litt, slik at Kjell skal sleppe å verte sliten i hovudet sitt... I arbeidsmappa ligg skjermkutt frå alle tre sidene, men eg kan også lenkje til dei her: Nettstad, Blogg og Nettavis.

onsdag 22. april 2009

Nettavis som arbeidsmåte

Klasseavis og liknande er ein frå før mykje brukt arbeidsmåte ute i skulen, iallfall slik eg hugsar det frå mi eiga skuletid. Med stadig nye og betre nettressursar på dette området, vert det etter mi meining stadig meir aktuelt å nytte denne arbeidsmåten i stadig fleire samanhengar.

No er det ikkje lenger berre snakk om å klippe og lime saman eit produkt som skal henge på klasseromsveggen i eit gitt tidsrom. No kan ein publisere desse produkta på internett slik at også andre kan få nytte av dei, og det vert lettare å knyte arbeidet opp mot anna arbeid i same emne. Avisene vil heller aldri hamne i papirdunken bak skulen, slik det nok har blitt gjort tidlegare. No kan ei avis ligge på internett til evig tid, slik at elevane kan ta den opp att ved ei seinare anledning. Gir ikkje dette grunnlag for ei livslang læring, så veit ikkje eg.

Ei nettavis kan lagast om kva tema det skulle vere, og det treng heller ikkje å krevje like mykje tid og ressursar som det har gjort tidlegare. Elevane kan nytte seg av ferdige malar for korleis ei avis kan sjå ut, og soleis fokusere meir av energien sin på sjølve fagstoffet.

Av desse grunnane er eg svært glad for at vi gjennom dette studiet har fått moglegheit til å teste ut avisproduksjon i praksis, slik at vi lettare veit korleis vi skal gripe dette an ute i skulen.

Arbeid med A2

Arbeidet med arbeidskravsoppgåve 2 innebar ulike arbeidsoppgåver og ulik arbeidsmengd for medlemmane i gruppa. Kvar enkelt la mykje arbeid i artiklane til sjølve nettavisa, enkelte la ned mykje arbeid i dokumentet som skulle leverast inn, andre (spesielt Linda) brukte svært mykje tid på html-redigering. Så kom arbeidet med tilbakemelding til den andre gruppa. I det heile tatt var det mykje arbeid som skulle gjerast, og kanskje var det ikkje alltid like lett å fordele arbeidet rettferdig.

Alt i alt synest eg at samarbeidet i gruppa fungerte godt. Gruppa består av ganske forskjellige individ, og vi har alle våre måtar å arbeide på. Til sjuande og sist syns eg vi drog nytte av dette, og alle fekk bidra med det dei var gode til. Samarbeidet gjekk føre seg via msn og Skype, noko som fungerer godt med god planlegging. Og sist, men ikkje minst: Sluttproduktet vart etter mi meining veldig bra! :)

Som ein slags "co-redaktør" brukte eg ein del tid på html-redigeringa, og fekk då erfare at dette ikkje er arbeid for "normale" folk. Mykje prøving og feiling, og ikkje minst mykje irritasjon inne i biletet her. Men det gjekk til slutt, og eg tek forhåpentlegvis med meg nyttige erfaringar vidare i den digitale verda. Eg fekk også bidratt med mitt til fellesdokumentet, og seier meg også nøgd med dette.

Dette var ei utfordrande oppgåve på mange måtar. Først og fremst var det mykje arbeid med det meste, og på grunn av ulike faktorar vart det vanskeleg å fordele arbeidet rettferdig. Blant anna kunne berre éin redigere html i gongen, slik at det vart vanskeleg å dele på dette arbeidet.

Graset er alltid grønare på den andre sida

Denne filmen laga eg, Elena og Helene på andre samling i DKL104. Filmen er utan lyd, men eg trur bodskapet kjem fram likevel.


tirsdag 21. april 2009

Andre samling DKL104

Denne samlinga hadde temaet videoproduksjon, eit svært spennande tema for meg personleg.

Fyrste dagen gjekk med til ein teoretisk gjennomgang av ein del filmfaglege ting, noko som sjølvsagt var både nyttig og interessant, sidan vi seinare skulle få lov til å planlegge og produsere våre eigne filmar. Ein ting å ta med seg vidare for førelesarane etter denne økta, må vere at det kan vere greitt å legge inn tid til pauser. 4 timar utan pusterom blir voldsomt, særleg så seint på dag!

Dag to skulle vi lage film i grupper. Planlegginga starta på torsdagen, så fredag morgon var vi klare for å starte innspelinga. Vi hadde gitt oss sjølve ei lita utfordring med å finne 'location', sidan vi hadde lagt opp til at hovudpersonen skulle hoppe over eit gjerde. Ein liten køyretur forbi golfbana var imidlertid alt som skulle til, og eg vil rette ein stor takk til Magnus Vassbotn som lot oss nytte STEINGARDEN (Elena lærte seg eit nytt ord denne dagen) hans. Innspelinga av filmen gjekk smertefritt, mykje takka vere god planlegging på førehand. Redigeringa tok litt lenger tid, og vi rakk ikkje å finne høvande musikk til filmen. Likevel vart resultatet ganske bra, og den ferdige filmen ligg klar til avspeling i eit anna blogginnlegg.

mandag 20. april 2009

Gjerde_René_DKL104_A3_v09

Taco på 170 sekunder

Mitt bidrag til Arbeidskravsoppgåve 3:

torsdag 5. februar 2009

Arbeid med A1

Gruppa hadde eit nettmøte via Skype, der vi fekk lagt ned ein grunnmur for vidare arbeid med oppgåva. Idéar vart lufta og noko arbeid vart fordelt. Stiller spørsmålsteikn ved om denne samarbeidsmåten er meir effektiv enn skriftleg samarbeid via til dømes chattefunksjonen i Google Dokumenter, sidan det i Skype var svært viktig at kun ein person hadde ordet i gongen. Ikkje alltid like lett å oppfatte kva folk meiner med det dei seier, eller i det heile tatt få med seg det som blir sagt, når kommunikasjonen foregår munnleg, og heller ikkje alltid like lett å forme og formidle eigne idéar når ein skal lytte til andre samtidig. Men dette er sikkert ei vanesak, og det blir nok betre etter kvart!:)
Samarbeidsdokument i Google Dokumenter er også oppretta, noko som har vist seg å vere ein bra mmåte å samarbeide på tidlegare.:)

Første samling DKL104

Denne samlinga gjekk frå 29. til 30. januar, med det spennande temaet Nettradio!

Kva er ein Podcast? Kva kjenneteiknar god radio? Kven er Pamela? Korleis produsere og abonnere på ein Podcast? Alt dette var spørsmål vi ikkje visste vi sat inne med, men like fullt skulle få besvart gjennom denne samlinga.

Ein del tid gjekk med til innspeling og redigering av lyd, altså praktiske arbeidsoppgåver - eit kjenneteikn som går att på dei samlingane eg likar best!:) Dei fleste av oss(?) vart kjende med Skype for fyrste gong på denne samlinga, og ikkje minst Pamela (ikkje så rund i formene som ein skulle tru), eit program for å ta opp samtalar over Skype. Den fyrste oppgåva gjekk på bruk av dette programmet, der vi skulle ta opp ein gruppesamtale rundt temaet medieproduksjon i skulen, som seinare skulle redigerast ved hjelp av ein gammal kjenning - Audacity. Det endelege produktet vart - som alt anna arbeid denne samlinga - ikkje heilt ferdig, men etterkvart vil du nok kunne finne denne lydfila i arbeidsmappa mi.

Neste oppgåve gjekk på at gruppa skulle lage ein podcast som kunne abonnerast på gjennom iTunes. Dette skulle vise seg å bli ein innvikla prosess, der ein fort kunne bite av seg tunga sjølv om ein heldt den aldri så beint i munnen. Vi nytta både blogg og nettstad for å få til ein RSS-feed det skulle gå an å abonnere på, og ved hjelp av Feedburner skulle dette abonnementet også fungere i iTunes. Dette fekk vi aldri heilt til på gruppa vår, men med litt finjustering på diverse innstillingar så skal det vel gå bra til slutt.

Til slutt var det tid for å teste ut dei rådyre lydopptakarane Torbjørn hadde investert i, og desse skulle vi bruke til å lage ei lydforteljing. Vi vart kanskje for ambisiøse i innspelingsfasen, og fekk aldri tid til å redigere fram eit ferdig produkt - her heller. Men også her vil det etterkvart kome ei ferdig fil i arbeidsmappa til dette emnet.

Ei interessant og kanskje litt "nerdete" samling - midt i blinken for oss som likar å styre litt med data. Mykje bra stoff å ta med seg vidare ut i skulen også!:)

torsdag 15. januar 2009

Testing testing

Dette er min blogg for DKL102 og DKL104