Viser innlegg med etiketten Sammensatte tekster. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sammensatte tekster. Vis alle innlegg

mandag 27. april 2009

Comic Life

Comic Life er eit program eg ser for meg kan vere svært aktuelt å nytte i klasserommet. Samansette tekstar spelar ei stor rolle i Kunnskapsløftet, og inngår som eigen kategori i kompetansemåla i norsk etter alle årstrinn. Sidan norsk er eit fag som gjennomsyrer alle andre fag i skulen, kan ein ta med seg desse kompetansemåla og kombinere dei med kompetansemål i praktisk talt alle fag i skulen. Døme på kompetansemål som aktualiserer bruk av Comic Life, er:

Læreplan i Norsk

Etter 2. årstrinn:
  • arbeide kreativt med tegning og skriving i forbindelse med lesing
  • uttrykke egne tekstopplevelser gjennom ord, tegninger, bilder, musikk og bevegelser
Etter 4. årstrinn:
  • lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde
Etter 7. årstrinn:
  • lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy
Etter 10. årstrinn:
  • bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster

I dette eksempelet har eg kombinert kompetansemåla ovanfor med temaet mobbing, som er naturleg å ta opp i til dømes RLE:

Kjelde:

http://udir.no/grep/Lareplan/?laereplanid=710976

fredag 24. april 2009

Arbeid med M2

Dette var den einaste gruppeoppgåva i DKL102, noko som kanskje var greitt, sidan det aldri kan bli lett å få til eit gruppearbeid med så mange som 6 medlemmer på gruppa. No seier ikkje eg at vi hadde særlege problem med dette, men dess fleire ein er på gruppa, dess mindre får kvart medlem bidra med og ikkje minst gjennomslag for. Ein gruppestørrelse på 3-4 hadde vore meir passeleg, men kanskje hadde vi då fått oppleve dei same forseinkingane vi fekk i haust med tanke på respons på oppgåvene...?

Gruppa møttest fleire gonger på "gamlemåten", både på Berte Kanutte og på Samfunnshuset, og på den måten greidde vi å sikre framdrifta i arbeidet. Skrivinga gjekk føre seg over Google Dokumenter, noko som fungerte greitt. Vi hadde til ei viss grad fordelt arbeidet mellom oss, og det var sjeldant at to var inne og skreiv samtidig. Dermed unngjekk vi kjende konflikter som kan oppstå, med lagring av dokumentet og anna smårusk.

Ein føresetnad for å levere inn ei god oppgåve der 6 ulike individ har bidrege med skrivinga, er at ein eller to tek på seg ansvaret for å gå over oppgåva til slutt, for å sikre eit så heilskapeleg produkt som mogleg. Dette gjorde vi, og Ingunn og meg sjølv gjekk over oppgåva til slutt med tanke på språk og kildetilvisingar.

Samarbeidet med oppgåva må ha fungert godt, iallfall dersom ein skal dømme etter tilbakemeldingane. Det var alt i alt ein interessant og lærerik prosess, der vi fekk tenkt nøye gjennom bruken av samansette tekstar i skulen.

tirsdag 21. april 2009

Den stygge andungen

Her er animasjonsfilmen eg, Ingunn og Nerissa laga på siste smalinga i DKL102.

Vi fekk erfare at det slett ikkje var så enkelt å halde fokus på det faglege under eit slikt arbeid, fingrane klødde rett og slett for mykje etter å kome i gang med sjølve filmen. Ei nyttig erfaring å ta med seg vidare ut i skulen!

Tredje og siste samling DKL102

Denne samlinga bestod av to vidt forskjellige dagar.

Torsdagen var sett av til arbeid i responsgrupper. Her hadde Kjell sett oss saman i grupper på to og to, der vi skulle gi respons til kvarandre sine mappeoppgåver. Dette var noko eg ikkje såg særleg fram til, sidan tilbakemeldinga på M1 var så uklar som den var, og M3 hang som eit stort spørsmålstegn i lause lufta. Eg var difor ikkje heilt komfortabel med å skulle vise fram desse oppgåvene til ein medstudent. Det vart slett ikkje så gale som eg hadde frykta, og Siv-Mette gav meg mange nyttige tilbakemeldingar som vil bli flittig brukt i eventuelle omarbeidingar av desse to oppgåvene. Det viste seg at vi var usikre på mange av dei same tinga, og dette var med på å gi meg ei viss grad av sjelefred..:)

På fredag var det klart for førelesing av sjølvaste Tor Arne Wølner, der han snakka om porteføljemetodikk og digitale mapper. Kvalitative læringsmål vart lagt stor vekt på, og dette skulle vi ta med oss vidare inn i arbeidet med ein animasjonsfilm. Her skulle gruppene delast i to, men sidan både Nicholas, Helene og Grethe var fråverande på denne samlinga, vart det Ingunn, Nerissa og meg som skulle forsvare Gruppe 2 si ære. Vi skulle velje mellom eventyr eller reklamefilm, og vi valde eventyret om den stygge andungen.

Meininga var at vi først skulle setje opp læringsmål og kjenneteikn for måloppnåing, men vi starta vel kanskje litt i feil ende her. Vi hadde kjøpt inn plastelina for anledninga, og klødde nok litt for mykje i fingrane etter å kome i gong med sjølve filmen. Vi sette i gong med storyboard og figurlaging, men det vart det fort slutt på då Wølner og Antvort fann oss inne på eit grupperom. Beskjeden var klar: Læringsmål og kjenneteikn på måloppnåing først! Dette skipla oss nok litt, og det vart eit voldsomt stress for å verte ferdige med filmen. Vi rakk det ikkje heilt, og måtte halde fram etter at vi kom heim. Resultatet ligg her.

Ei av dei viktigaste erfaringane vi fekk med oss frå denne dagen, var nok kor vanskeleg det er å halde fokus på det faglege når ein skal prøve ut slike "gøye" arbeidsformer. Når vi som vaksne studentar ikkje greier det, korleis skal vi då forvente at unge elevar skal greie det utan vidare? Svært nyttig lærdom å ta med seg vidare!

Denne samlinga var varierande, og ikkje minst lærerik. Personleg fekk eg roa nervane litt med tanke på dei mappeoppgåvene eg var litt usikker på, og eg fekk nyttige idéar til vidare arbeid med spesielt M1 og M3. Møtet med Wølner var også positivt, og det var veldig greitt å få ein grundigare gjennomgang i porteføljemetodikken og arbeid med pedagogiske tekstar i digitale mapper.