Gruppa hadde eit nettmøte via Skype, der vi fekk lagt ned ein grunnmur for vidare arbeid med oppgåva. Idéar vart lufta og noko arbeid vart fordelt. Stiller spørsmålsteikn ved om denne samarbeidsmåten er meir effektiv enn skriftleg samarbeid via til dømes chattefunksjonen i Google Dokumenter, sidan det i Skype var svært viktig at kun ein person hadde ordet i gongen. Ikkje alltid like lett å oppfatte kva folk meiner med det dei seier, eller i det heile tatt få med seg det som blir sagt, når kommunikasjonen foregår munnleg, og heller ikkje alltid like lett å forme og formidle eigne idéar når ein skal lytte til andre samtidig. Men dette er sikkert ei vanesak, og det blir nok betre etter kvart!:)
Samarbeidsdokument i Google Dokumenter er også oppretta, noko som har vist seg å vere ein bra mmåte å samarbeide på tidlegare.:)
Godt Nyttår!
for 15 år siden
Enig! "møte og diskusjon" via nettsamtale på skype har sine fordelar, men og klare bakdelar i forhold til ein effektiv IM diskusjon, eller i eit "forum" som google dokumenter saken vår liknar på. Eg trur at %andel bidrag pr. person vert jamnare i ein IM/forum diskusjon. På skype er ein i mykje større grad avhengig av ein ordstyrar som syt for at alle tek del. Ein må og vere 100% konsentrert for å halde tråden i samtalen, mens i eit IM verktøy kan ein vere litt til og frå, og søke opp relevant stoff samtidigt som ein kommuniserer uten at det går utover kvaliteten på bidraget. Kanskje tvert imot...
SvarSlett