Første samling på DKL102 gjekk av stabelen 15. og 16. januar. Tema for samlinga var Sosial Web og Elektroniske Tankekart.
Heimelekse før samlinga var at vi skulle vere medlem av minst tre nettsamfunn. Dette var ei smal sak, sidan eg allereie har testa ut ein del slike, og er aktiv medlem av både Facebook, MSN og Picasa. På samlinga vart det vidare diskusjon rundt slike nettsamfunn, og gruppa vår laga eit felles tankekart om temaet, med vekt på faktorar som samarbeid, deling og dialog/respons. Meir om tankekartet i arbeidsmappa mi.
Gruppearbeidet kombinerte refleksjonen rundt sosial programvare med utprøving og bevisstgjering rundt bruk av elektroniske tankekart. Kjell brukte mykje av samlinga til å uttrykke sin kjærleik til digitale tankekart, og eg trur jammen at propagandaen er i ferd med å funke. Eg ser heilt klart store fordelar med å arbeide på denne måten, og spesielt dersom Mindomo klarer å rette opp funksjonen som tillet fleire brukarar å arbeide i eit tankekart samtidig. Dette fungerer ikkje per i dag, og gruppa måtte difor utnemne ein sekretær (tilfeldigvis den første som logga inn på dokumentet) som kunne skrive ned tankane til gruppa. Arbeidet vart soleis ikkje så effektivt som det kunne ha blitt, og forhåpentlegvis vil bli, gjennom dette verktøyet.
Etter denne samlinga føler eg at eg har gjort meg fleire erfaringar som eg kan få nytte av når eg skal ut i skulen, både når det gjeld eventuell bruk av sosial programvare i skulesamanheng og nytteverdien av elektroniske tankekart. Program for skaping av elektroniske tankekart, som Mindomo og Freemind, kjem eg til å gjere meg nytte av også i mitt eige studie.
Godt Nyttår!
for 15 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar