fredag 24. april 2009

Arbeid med M2

Dette var den einaste gruppeoppgåva i DKL102, noko som kanskje var greitt, sidan det aldri kan bli lett å få til eit gruppearbeid med så mange som 6 medlemmer på gruppa. No seier ikkje eg at vi hadde særlege problem med dette, men dess fleire ein er på gruppa, dess mindre får kvart medlem bidra med og ikkje minst gjennomslag for. Ein gruppestørrelse på 3-4 hadde vore meir passeleg, men kanskje hadde vi då fått oppleve dei same forseinkingane vi fekk i haust med tanke på respons på oppgåvene...?

Gruppa møttest fleire gonger på "gamlemåten", både på Berte Kanutte og på Samfunnshuset, og på den måten greidde vi å sikre framdrifta i arbeidet. Skrivinga gjekk føre seg over Google Dokumenter, noko som fungerte greitt. Vi hadde til ei viss grad fordelt arbeidet mellom oss, og det var sjeldant at to var inne og skreiv samtidig. Dermed unngjekk vi kjende konflikter som kan oppstå, med lagring av dokumentet og anna smårusk.

Ein føresetnad for å levere inn ei god oppgåve der 6 ulike individ har bidrege med skrivinga, er at ein eller to tek på seg ansvaret for å gå over oppgåva til slutt, for å sikre eit så heilskapeleg produkt som mogleg. Dette gjorde vi, og Ingunn og meg sjølv gjekk over oppgåva til slutt med tanke på språk og kildetilvisingar.

Samarbeidet med oppgåva må ha fungert godt, iallfall dersom ein skal dømme etter tilbakemeldingane. Det var alt i alt ein interessant og lærerik prosess, der vi fekk tenkt nøye gjennom bruken av samansette tekstar i skulen.

onsdag 22. april 2009

Nettavis som arbeidsmåte

Klasseavis og liknande er ein frå før mykje brukt arbeidsmåte ute i skulen, iallfall slik eg hugsar det frå mi eiga skuletid. Med stadig nye og betre nettressursar på dette området, vert det etter mi meining stadig meir aktuelt å nytte denne arbeidsmåten i stadig fleire samanhengar.

No er det ikkje lenger berre snakk om å klippe og lime saman eit produkt som skal henge på klasseromsveggen i eit gitt tidsrom. No kan ein publisere desse produkta på internett slik at også andre kan få nytte av dei, og det vert lettare å knyte arbeidet opp mot anna arbeid i same emne. Avisene vil heller aldri hamne i papirdunken bak skulen, slik det nok har blitt gjort tidlegare. No kan ei avis ligge på internett til evig tid, slik at elevane kan ta den opp att ved ei seinare anledning. Gir ikkje dette grunnlag for ei livslang læring, så veit ikkje eg.

Ei nettavis kan lagast om kva tema det skulle vere, og det treng heller ikkje å krevje like mykje tid og ressursar som det har gjort tidlegare. Elevane kan nytte seg av ferdige malar for korleis ei avis kan sjå ut, og soleis fokusere meir av energien sin på sjølve fagstoffet.

Av desse grunnane er eg svært glad for at vi gjennom dette studiet har fått moglegheit til å teste ut avisproduksjon i praksis, slik at vi lettare veit korleis vi skal gripe dette an ute i skulen.

Arbeid med A2

Arbeidet med arbeidskravsoppgåve 2 innebar ulike arbeidsoppgåver og ulik arbeidsmengd for medlemmane i gruppa. Kvar enkelt la mykje arbeid i artiklane til sjølve nettavisa, enkelte la ned mykje arbeid i dokumentet som skulle leverast inn, andre (spesielt Linda) brukte svært mykje tid på html-redigering. Så kom arbeidet med tilbakemelding til den andre gruppa. I det heile tatt var det mykje arbeid som skulle gjerast, og kanskje var det ikkje alltid like lett å fordele arbeidet rettferdig.

Alt i alt synest eg at samarbeidet i gruppa fungerte godt. Gruppa består av ganske forskjellige individ, og vi har alle våre måtar å arbeide på. Til sjuande og sist syns eg vi drog nytte av dette, og alle fekk bidra med det dei var gode til. Samarbeidet gjekk føre seg via msn og Skype, noko som fungerer godt med god planlegging. Og sist, men ikkje minst: Sluttproduktet vart etter mi meining veldig bra! :)

Som ein slags "co-redaktør" brukte eg ein del tid på html-redigeringa, og fekk då erfare at dette ikkje er arbeid for "normale" folk. Mykje prøving og feiling, og ikkje minst mykje irritasjon inne i biletet her. Men det gjekk til slutt, og eg tek forhåpentlegvis med meg nyttige erfaringar vidare i den digitale verda. Eg fekk også bidratt med mitt til fellesdokumentet, og seier meg også nøgd med dette.

Dette var ei utfordrande oppgåve på mange måtar. Først og fremst var det mykje arbeid med det meste, og på grunn av ulike faktorar vart det vanskeleg å fordele arbeidet rettferdig. Blant anna kunne berre éin redigere html i gongen, slik at det vart vanskeleg å dele på dette arbeidet.

Graset er alltid grønare på den andre sida

Denne filmen laga eg, Elena og Helene på andre samling i DKL104. Filmen er utan lyd, men eg trur bodskapet kjem fram likevel.


tirsdag 21. april 2009

Den stygge andungen

Her er animasjonsfilmen eg, Ingunn og Nerissa laga på siste smalinga i DKL102.

Vi fekk erfare at det slett ikkje var så enkelt å halde fokus på det faglege under eit slikt arbeid, fingrane klødde rett og slett for mykje etter å kome i gang med sjølve filmen. Ei nyttig erfaring å ta med seg vidare ut i skulen!

Tredje og siste samling DKL102

Denne samlinga bestod av to vidt forskjellige dagar.

Torsdagen var sett av til arbeid i responsgrupper. Her hadde Kjell sett oss saman i grupper på to og to, der vi skulle gi respons til kvarandre sine mappeoppgåver. Dette var noko eg ikkje såg særleg fram til, sidan tilbakemeldinga på M1 var så uklar som den var, og M3 hang som eit stort spørsmålstegn i lause lufta. Eg var difor ikkje heilt komfortabel med å skulle vise fram desse oppgåvene til ein medstudent. Det vart slett ikkje så gale som eg hadde frykta, og Siv-Mette gav meg mange nyttige tilbakemeldingar som vil bli flittig brukt i eventuelle omarbeidingar av desse to oppgåvene. Det viste seg at vi var usikre på mange av dei same tinga, og dette var med på å gi meg ei viss grad av sjelefred..:)

På fredag var det klart for førelesing av sjølvaste Tor Arne Wølner, der han snakka om porteføljemetodikk og digitale mapper. Kvalitative læringsmål vart lagt stor vekt på, og dette skulle vi ta med oss vidare inn i arbeidet med ein animasjonsfilm. Her skulle gruppene delast i to, men sidan både Nicholas, Helene og Grethe var fråverande på denne samlinga, vart det Ingunn, Nerissa og meg som skulle forsvare Gruppe 2 si ære. Vi skulle velje mellom eventyr eller reklamefilm, og vi valde eventyret om den stygge andungen.

Meininga var at vi først skulle setje opp læringsmål og kjenneteikn for måloppnåing, men vi starta vel kanskje litt i feil ende her. Vi hadde kjøpt inn plastelina for anledninga, og klødde nok litt for mykje i fingrane etter å kome i gong med sjølve filmen. Vi sette i gong med storyboard og figurlaging, men det vart det fort slutt på då Wølner og Antvort fann oss inne på eit grupperom. Beskjeden var klar: Læringsmål og kjenneteikn på måloppnåing først! Dette skipla oss nok litt, og det vart eit voldsomt stress for å verte ferdige med filmen. Vi rakk det ikkje heilt, og måtte halde fram etter at vi kom heim. Resultatet ligg her.

Ei av dei viktigaste erfaringane vi fekk med oss frå denne dagen, var nok kor vanskeleg det er å halde fokus på det faglege når ein skal prøve ut slike "gøye" arbeidsformer. Når vi som vaksne studentar ikkje greier det, korleis skal vi då forvente at unge elevar skal greie det utan vidare? Svært nyttig lærdom å ta med seg vidare!

Denne samlinga var varierande, og ikkje minst lærerik. Personleg fekk eg roa nervane litt med tanke på dei mappeoppgåvene eg var litt usikker på, og eg fekk nyttige idéar til vidare arbeid med spesielt M1 og M3. Møtet med Wølner var også positivt, og det var veldig greitt å få ein grundigare gjennomgang i porteføljemetodikken og arbeid med pedagogiske tekstar i digitale mapper.

Andre samling DKL104

Denne samlinga hadde temaet videoproduksjon, eit svært spennande tema for meg personleg.

Fyrste dagen gjekk med til ein teoretisk gjennomgang av ein del filmfaglege ting, noko som sjølvsagt var både nyttig og interessant, sidan vi seinare skulle få lov til å planlegge og produsere våre eigne filmar. Ein ting å ta med seg vidare for førelesarane etter denne økta, må vere at det kan vere greitt å legge inn tid til pauser. 4 timar utan pusterom blir voldsomt, særleg så seint på dag!

Dag to skulle vi lage film i grupper. Planlegginga starta på torsdagen, så fredag morgon var vi klare for å starte innspelinga. Vi hadde gitt oss sjølve ei lita utfordring med å finne 'location', sidan vi hadde lagt opp til at hovudpersonen skulle hoppe over eit gjerde. Ein liten køyretur forbi golfbana var imidlertid alt som skulle til, og eg vil rette ein stor takk til Magnus Vassbotn som lot oss nytte STEINGARDEN (Elena lærte seg eit nytt ord denne dagen) hans. Innspelinga av filmen gjekk smertefritt, mykje takka vere god planlegging på førehand. Redigeringa tok litt lenger tid, og vi rakk ikkje å finne høvande musikk til filmen. Likevel vart resultatet ganske bra, og den ferdige filmen ligg klar til avspeling i eit anna blogginnlegg.