onsdag 29. april 2009

Kommentar til artikkel

Mot mediedysleksiens tidsalder? av Soilikki Vettenranta

De unge, som må skape sin identitet i krysspresset mellom den stadig endrede mediekulturen og den galopperende nye medieteknologien, trenger mer enn verktøy. De trenger tid til refleksjon, stabilitet og mulighet til å lære empati og ansvar. (Vettenranta, 2007 s.13)

Med dette sitatet peikar Vettenranta på ein vesentleg ting som er svært viktig å hugse på med den teknologiske utviklinga vi har i dag. Med digitale verktøy inn i alle fag er det lett å tenkje at det vil vere om å gjere å introdusere elevane for så mange verktøy som mogleg. Elevane vil kunne jobbe meir effektivt med dei nye verktøya, men vil det seie at også læringa blir meir effektiv?

I den mediegale kvardagen vi lever i, med informasjon som strøymer mot oss frå alle kantar, er det viktig både for born og vaksne at vi tek oss tid til å puste litt, og at vi ikkje gløymer den mellommenneskelege kontakten. Eg merkar godt på meg sjølv at eg ikkje heilt skjønar alvoret i dei katastrofemeldingane eg ser på TV. Det har etter kvart blitt så mange av dei, og ingen har råka meg direkte, og difor tenkjer eg ikkje så mykje over det lenger. Det er med andre ord ikkje gjennom media eg har lært meg empati og ansvar, men gjennom god, gammaldags samhandling med andre menneske.

Med dette sagt, så meiner eg også heilt klart at vi har godt av den informasjonsstraumen som kjem inn over oss. Vi treng å få vite korleis folk i andre delar av verda har det, og vi har godt av å sjå vår eigen situasjon i lys av korleis andre har det. Vi greier ikkje å bli empatiske, ansvarlege menneske dersom vi ikkje veit noko om det som skjer utanfor vår eigen stovevegg.

Korleis har så DKL-studiet vore i høve til det innleiande sitatet? Vi har iallfall merka galoppen. Og vi har merka at utviklinga går i ei rivande fart. Tid til å stoppe opp og tenkje har det ikkje alltid blitt så mykje av, men så har vi også gjort mykje godt arbeid, og lært utruleg mykje på vegen.

tirsdag 28. april 2009

Geotagging i Picasa

Ja, då var nettalbum og bildeframsyning på plass!

Med Picasa 3 og nettalbumet gjekk denne jobben som ein draum! I Picasa 3 har ein full oversikt over alle bileta på datamaskinen, og ein kan ganske enkelt berre merke dei bileta ein vil laste opp til nettalbumet, og trykke 'Last opp'.

Når bileta så var på plass på nettet, kunne eg så ganske enkelt plassere kvart bilete på eit kart. TIPS: Karta i Picasa er ikkje heilt nøyaktige, så dersom du skal plassere bileta på til dømes Google Earth seinare, kan det lønne seg å bruke satelittvisninga når du plasserer markøren.

Eg plasserte bileta i Google Earth ved å trykke 'Vis i Google Earth' nederst til høgre i albumvisninga på internett. Det vart sjåande slik ut.

Til slutt "laga" eg biletframsyninga som står nederst i dette innlegget. Då trykte eg ganske enkelt på 'Kobling til dette albumet' > 'Embed Slideshow', kopierte så HTML-koden, og limte den inn i HTML-redigeringa på bloggen.


Bridge Construction Set

Dette spelet prøvde vi på andre samling i DKL102. Eg har ingen problem med å sjå for meg at elevane kan ha nytte av dette, men samtidig ser eg at alle nok ikkje vil ha like stort utbyte av å spele dette spelet. Det finst iallfall to måtar å spele spelet på: Tilfeldig prøving og feiling, og systematisk utprøving av logiske hypotesar.

Dei som spelar etter den siste metoden vil etter mi meining sitje att med ganske mykje lærdom. Dei ser blant anna korleis trekantane støttar opp konstruksjonen, og dei kan lære balansen mellom det å nytte det billegaste materialet, og å bruke eit materiale som er litt dyrare, men kanskje vil halde mykje lenger.

I Level 3 fann eg ut at dersom eg nytta stål i staden for jern i bjelkane på toppen, ville brua bli litt dyrare. Eg valde å gjere dette likevel, sidan presset på bjelkane då vart mindre (trykk 'Stress' i simulation-modus - grøne bjelkar er positivt), og kanskje ville då brua vare lenger... Slik såg det ut til slutt:


Og slik fungerte testen:


mandag 27. april 2009

Comic Life

Comic Life er eit program eg ser for meg kan vere svært aktuelt å nytte i klasserommet. Samansette tekstar spelar ei stor rolle i Kunnskapsløftet, og inngår som eigen kategori i kompetansemåla i norsk etter alle årstrinn. Sidan norsk er eit fag som gjennomsyrer alle andre fag i skulen, kan ein ta med seg desse kompetansemåla og kombinere dei med kompetansemål i praktisk talt alle fag i skulen. Døme på kompetansemål som aktualiserer bruk av Comic Life, er:

Læreplan i Norsk

Etter 2. årstrinn:
  • arbeide kreativt med tegning og skriving i forbindelse med lesing
  • uttrykke egne tekstopplevelser gjennom ord, tegninger, bilder, musikk og bevegelser
Etter 4. årstrinn:
  • lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde
Etter 7. årstrinn:
  • lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy
Etter 10. årstrinn:
  • bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster

I dette eksempelet har eg kombinert kompetansemåla ovanfor med temaet mobbing, som er naturleg å ta opp i til dømes RLE:

Kjelde:

http://udir.no/grep/Lareplan/?laereplanid=710976

Hensyn

Dette emnet hadde vi også ein gjennomgang av i DKL101, men sidan dette studiet skal handle mykje om publisering av medieproduksjonar, var det veldig greitt med ein repetisjon.

Det er mykje ein må ta hensyn til når ein skal publisere både bilete, lyd, video og anna materiale, og svært mange bryt lova kvar einaste dag utan å vite om det. To ting som kan vere greitt å skaffe seg oversikt over med ein gong, er:
  1. Kven har opphavsretten til materialet?
  2. Kven er med på produksjonen?
Har ein desse tinga på plass, kan arbeidet starte med å skaffe seg dei rettigheitene som skal til for å ha lov til å publisere materialet. Kanskje litt i overkant å kalle eit bilete for ein produksjon, men likevel. Vil ein publisere eit slikt, må ein skaffe seg løyve både frå personen som har tatt biletet, og personane (evt. føresette under 15 år) som er med på biletet. Publisering av musikk og video kan fort bli eit meir krevjande arbeid. Her er det fort mange fleire personar som er involverte, alle med opphavsretten til sin del av produksjonen. Å skaffe seg rettigheitene til publisering av slike produksjonar, kan fort bli eit kostbart og tidkrevjande arbeid.

Hensyn til opphavsrett er eit vanskeleg fagfelt, og både i skulen og elles i samfunnet har det blitt synda mykje mot dette. Eg er blant anna ikkje sikker på om eg hadde mitt på det reine då eg la ut følgjande klipp på youtube.

Design

Designemnet har eg ikkje lagt så voldsomt mykje arbeid i, men eg har i det minste brukt same headeren i nettavis, blogg og arbeidsmappe. Motivet i headeren er min kjære mops, Oliver, og dette gir desse sidene eit personleg preg. Han er prikk lik far sin, for å seie det slik..:-)

Fargane på blogg og nettstad har eg prøvd å tilpasse headeren. Om eg har klart det, kan sikkert diskuterast, og det som iallfall er sikkert, er at eg har valgt fargar som høver dårleg for svaksynte. Mitt utgangspunkt er at dei som skal sjå på sidene mine har eit rimeleg godt syn..;-) Samtidig finst det heilt sikkert også finare fargar enn spygrønt og lysebrunt, eit hensyn eg også har valgt å sjå vekk frå.

Elles trur eg at val av skrifttype og -størrelse skal vere greitt, og særleg på nettstaden har eg valt å forstørre skrifta litt, slik at Kjell skal sleppe å verte sliten i hovudet sitt... I arbeidsmappa ligg skjermkutt frå alle tre sidene, men eg kan også lenkje til dei her: Nettstad, Blogg og Nettavis.

fredag 24. april 2009

Arbeid med M3

Utgangspunktet for denne oppgåva, var å lage eit informasjonsnav som skulle vere med på å auke elevane sin informasjonskompetane.

Slik eg forstod det, skulle det nemnde informasjonsnavet gjere slik at elevane skulle sleppe å søkje etter informasjon på Google, og på den måten finne relevant og påliteleg informasjon meir effektivt. På denne måten skulle elevane lære seg betre søkjestrategiar, og informasjonen skulle kome til dei via RSS-feeds. Eit paradoks er det då at eg som lærar måtte bruke nettopp Google for å finne dei aktuelle RSS-kjeldene, slik at det heile då uansett er basert på Googlesøk... Og kven veit om eg er god nok på kjeldekritikk?

Spørsmåla eg sit att med etter å ha levert inn denne oppgåva, er mange. Har eg i det heile svara på oppgåva? Er informasjonsnavet mitt verkeleg eit informasjonsnav slik det er tenkt i denne samanhengen? Vil elevane oppnå auka informasjonskompetanse ved å sleppe å leite etter informasjonskjelder sjølve, eller gjer vi dei eigentleg ei stor bjørneteneste? Eg er i det heile tatt svært spent på tilbakemeldinga til denne oppgåva...

Eg kan i alle høve legge ut eit skjermkutt av navet mitt, slik det ser ut til denne oppgåva:

Tala er forklarde i oppgåva, og sidan dette berre er ein illustrasjon, tek eg ikkje med dette her.